Search page

Søket fant 7 resultater på 0.057 sekunder.

Søkeresultater

  1. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  2. BBC Radio 4 Farming Today podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema og problemstillingar innanfor landbruk, dyrehald og akvakultur i Storbritannia. Podcastane varer omlag 15 minutt, og er slik fine til bruk i lytteøvingar. Kan enkelt lastast ned.

    kribef - 18.12.2014 09:19

  3. Agricultural history UK

    Dokumentet inneheld lenkjer til nokre tv-seriar som BBC har laga om gardsdrift i ulike periodar i Storbritannia.

    Tales from the Green Vally - viser gardsdrift på tidleg 1600-tal.

    Victorian Farm - viser gardsdrift på seint 1800-tal.

    Edwardian Farm - viser gardsdrift første tiåret på 1900-talet.

    Wartime Farm - viser gardsdrift under 2. verdskrigen

    kribef - 11.09.2013 17:03

  4. Growing a Nation - Agriculture in America

    Nettside med mange ulike ressursar innanfor amerikansk jordbrukshistorie. Sida har m.a. ei audio-visuel forteljing (foredragsrekkje) av utviklinga av amerikansk jordbrukshistorie (inkl. generell historie), tidslinje, lydfiler, videoar, bilete og illustrasjonar. Sida inneheld også undervisningsplanar for eit heilheitleg opplegg. Forteljarstemma i den audio-visuelle forteljinga snakkar ganske sakte og tydeleg. Nokre av tema er svært spesifikke for USA, t.d.

    kribef - 27.02.2015 11:00

  5. Forestry - Timber Production

    Elevane jobbar med å lese og forstå fagtekst om tømmerproduksjon samt fagvokabular knytt til dette. Tema er skogsplanting og det arbeidet som krevst i førebuing og vedlikehald av plantefelt. I tillegg lærer elevane om ulike vanlege tresortar og deira karakteristikkar og bruksområde. Elevane får øving i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

    kribef - 13.05.2013 15:33

  6. Red herrings and other fishy business

    Undervisningsopplegget tek for seg vokabular knytt til fiskeartar og sjømat som er vanleg å bruke i matlaging. Elevane jobbar med å tileigne seg vokabularet på ein visuell måte. Første del av opplegget er ei visuell ordliste, der elevane finn ut kva fiskeartar og sjømat heiter på norsk. Dei får øving i å slå opp i ordbok. Andre del tek for seg innøving av orda dei har i ordlista si. Her spelar dei triple memory i par eller små grupper. Den tredje aktiviteten er eit word puzzle som elevane løyser.

    kribef - 02.12.2014 10:58

  7. The chainsaw

    Elevane øver vokabular knytt til vedlikehald og trygg bruk av motorsag. Dette er førebuing til ein munnleg instruksjon i korleis vedlikehalde og bruke motorsag på ein trygg måte. Elevane får øving i yrkesretta vokabular og øver munnlege ferdigheiter. 

    kribef - 19.01.2015 11:19