Search page

Søket fant 7 resultater på 0.055 sekunder.

Søkeresultater

  1. HEALTH AND SAFETY AT THE CONSTRUCTION SITE

    Skriveoppgåve der elevar på bygg og anleggsteknikk (vg1 og vg2) jobbar med helse, miljø og tryggleik. Elevane skal førebu eit skriv eller ei brosjyre for sine kollegar som ikkje har norsk som morsmål. Elevane kan ta utgangspunkt i ein anleggsplass dei kjenner til, og nytte fagkunnskap om HMT til å løyse oppgåva.

    kribef - 14.05.2013 11:44

  2. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  3. A look at trades - Building and construction apprentice

    Ein australsk bedriftseigar fortel om kva det vil sei å vere læring innanfor byggfaga.

    kribef - 15.10.2013 12:00

  4. How to operate a construction machine

    Kort differensiert skriveoppgåve om anleggsmaskiner. Elevane skal skrive kort om ei valfri anleggsmaskin, og gi ei kort beskriving av kva maskina blir brukt til og korleis denne fungerer. Elevane skal også skrive noko om korleis ein brukar maskina på ein trygg måte. Oppgåva kan også vere utgangspunkt for ein munnleg aktivitet.

    Grunnleggjande dugleik: å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

    kribef - 13.05.2013 15:11

  5. Occupations in Building and Construction

    Elevane jobbar med yrka på bygg og anleggsfag. Dei vel eit av yrka som programområdet leier til, og fordjupar seg i dette. Vidare vel ei form å presentere det dei har fordjupa seg i, anten munnleg eller skriftleg. Mottakargruppa for denne presentasjonen er ei tenkt gruppe med utvekslingsstudentar på besøk i Noreg. Elevane kan også velje ulike innfallsvinklar til kva dei vil presentere frå yrket. Opplegget øver skriftleg og munnleg kommunikasjon, fagvokabular og digitale ferdigheiter. 

     

    kribef - 03.12.2014 10:34

  6. A look at trades - Plumbing apprentice

    Ei beskriving av korleis det er å vere rørleggjarlæring i Australia. Lærlingen beskriv sin arbeidsdag, kva oppgåver han har og kva som krevjast.

    kribef - 15.10.2013 11:40

  7. Our House

    Undervisningsopplegget tek føre seg dei mest vanlege (og mindre vanlege) hustypane ein finn i Storbritannia. Elevane jobbar med vokabularøving og opplegget kan nyttast som inngangsport til temaet hus og husbyggjing. Opplegget er tenkt som ein timeaktivitet utan formell vurdering. Forslag til utvidingar er beskrive nedanfor.

    kribef - 23.02.2015 13:50