Search page

Søket fant 5 resultater på 0.057 sekunder.

Søkeresultater

  1. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  2. BBC Radio 4 Excess Baggage - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema innanfor reiseliv. Ein del av podcast-episodane handlar om destinasjonar, medan andre handlar om reisemåtar og ulike opplevingar som t.d. familiereiser eller villmarksreiser. Podcastane varer om lag 30 minutt, og nokre tek føre seg ulike tema, medan andre fokuserer berre på eitt tema. Podcastane fungerer godt som lytteøving, i tillegg til at elevane får trening i ulike dialetar og variantar av engelsk. 

    kribef - 18.12.2014 09:51

  3. English for my job (hospitality industry)

    Lenkje til nettside med interaktive vokabular- og grammatikkøvingar nyttige innanfor hotel, restaurant, turist og service-bransjen. Fyll-inn oppgåver med bilete, spørsmål og svar m.m. 

    kribef - 25.02.2015 09:35

  4. Eg er omvisaren dykkar i dag!

    Elevane jobbar tverrfagleg med å førebu ei omvising av ein attraksjon/sjåverdigheit i nærområdet for ei turistgruppe. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter både i programfag, engelsk og norsk, samt konkrete læreplanmål i dei ulike faga. Elevane jobbar i grupper med å løyse oppgåva. Målet er å gi elevane øving i å planlegge og gjennomføre ei omvising for ei turistgruppe, og øve på kommunikasjon. Sluttproduktet vil vere ei reell omvising på engelsk, med tospråkleg brosjyre om attraksjonen/sjåverdigheiten samt blogginnlegg med evaluering og eigenvurdering.

    kribef - 10.06.2014 14:40

  5. Tips og råd om det å køyre langtransport i Noreg

    Statens vegvesen har i mange år gjeve ut eit hefte på engelsk (og andre språk) om det å køyre langtransport i Noreg. Dette heftet er ypparleg å bruke i yrkesretting av elevar på Transport og Logistikk, fordi det tek føre seg konkrete problemstillingar ein må ta omsyn til på vegen i Noreg. Sjølv om norske elevar har ei betre forståing av køyretilhøva i Noreg enn det utanlandske sjåførar har, kan det vere kjekt for dei å jobbe med dei faglege emna i engelsk, slik at dei i framtida kan rettleie og hjelpe sine kollega frå andre land enn Noreg.

    kribef - 02.10.2012 13:42