Search page

Søket fant 33 resultater på 0.057 sekunder.

Søkeresultater

  1. The Digestive System

    Elevane jobbar tverrfagleg med fordøyingssystemet. Dei lærer vokabular knytt til tema samt bruk av ordbok. Vokabularet dei tileignar seg skal dei bl.a. nytte når dei skal skrive ein faktatekst om fordøyingssystemet. Dei øvar dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

    kribef - 14.05.2013 11:10

  2. HEALTH AND SAFETY AT THE CONSTRUCTION SITE

    Skriveoppgåve der elevar på bygg og anleggsteknikk (vg1 og vg2) jobbar med helse, miljø og tryggleik. Elevane skal førebu eit skriv eller ei brosjyre for sine kollegar som ikkje har norsk som morsmål. Elevane kan ta utgangspunkt i ein anleggsplass dei kjenner til, og nytte fagkunnskap om HMT til å løyse oppgåva.

    kribef - 14.05.2013 11:44

  3. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  4. Pastry Chef - video work

    Introduksjonsaktivitet til konditoryrket. Elevane jobbar med videoklipp der ein australsk konditorlærling fortel om yrkesvalet sitt, kva oppgåver ho har hatt som lærling og kva ein konditor typisk gjer. Elevane jobbar med vokabular og spørsmål knytt til videoklippet.

    kribef - 15.10.2013 13:42

  5. Planning activites for different age groups

    Dette er eit undervisningsopplegg for VG1 Helse- og oppvekstfag, der elevane skal planlegge aktivitetar og måltid for ulike aldersgrupper. Elevane skal presentere dette som ei munnleg framføring. Målet med opplegget er at elevane skal nytte yrkesfagleg kunnskap, øve munnlege dugleikar og gi ein presentasjon av eit yrkesfagleg emne. Elevane får med dette opplegget ei øving i munnleg engelsk, det å halde ei framføring og å presentere eit yrkesfagrelatert emne.

    kribef - 30.10.2012 13:00

  6. How to operate a construction machine

    Kort differensiert skriveoppgåve om anleggsmaskiner. Elevane skal skrive kort om ei valfri anleggsmaskin, og gi ei kort beskriving av kva maskina blir brukt til og korleis denne fungerer. Elevane skal også skrive noko om korleis ein brukar maskina på ein trygg måte. Oppgåva kan også vere utgangspunkt for ein munnleg aktivitet.

    Grunnleggjande dugleik: å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

    kribef - 13.05.2013 15:11

  7. Occupations in Building and Construction

    Elevane jobbar med yrka på bygg og anleggsfag. Dei vel eit av yrka som programområdet leier til, og fordjupar seg i dette. Vidare vel ei form å presentere det dei har fordjupa seg i, anten munnleg eller skriftleg. Mottakargruppa for denne presentasjonen er ei tenkt gruppe med utvekslingsstudentar på besøk i Noreg. Elevane kan også velje ulike innfallsvinklar til kva dei vil presentere frå yrket. Opplegget øver skriftleg og munnleg kommunikasjon, fagvokabular og digitale ferdigheiter. 

     

    kribef - 03.12.2014 10:34

  8. Skills Workshop Contextual Resources

    Nettstad med ulike kontekstuelle læringsaktivitetar og undervisningsopplegg. Nettstaden er laga for å dekkje britisk læreplan, og har engelskspråklege elevar som mottakargruppe. Men det er mogeleg å velje nivå, t.d. L2. Sida har også valmoglegheiter innanfor ulike yrkes- og fagområde t.d. construction carpentry plumbing, electrical, electronics and technology, hairdressing and beauty therapy, health, social care, early years etc. 

    kribef - 25.02.2015 10:48

  9. Gordon Ramsay's Ultimate Cookery Course

    Tips om Gordon Ramsay's Ultimate Cookery Course, ein TV serie som tek for seg ulike råvarer, teknikkar og oppskrifter.

    kribef - 14.05.2013 12:51

  10. Training Video - Knives and Cutting Techniques

    Videoklipp som viser dei mest vanlege knivtypane, korleis ein skal slipe knivar og korleis ein brukar dei ulike knivtypane. I tillegg viser videoen knivteknikkar.

    kribef - 14.05.2013 11:52

  11. Pro Cooking Training Video - Choosing Meat Cuts

    Videoklipp som viser slakt av lam og ulike stykningsdelar og bruksområde.

    kribef - 14.05.2013 11:57

  12. Gordon Ramsay : How to joint a chicken

    Gordon Ramsay viser korleis ein skal dele opp ein kylling samstundes som at han fortel kva ein kan bruke dei ulike stykkene til

    kribef - 14.05.2013 12:22

  13. How to prepare scallops - BBC GoodFood.com - BBC Food

    Videoklipp som viser korleis ein skal reinske eit kamskjel.

    kribef - 14.05.2013 12:25

  14. Basic Herbs Masterclass with Georgie

    VIdeoklipp som syner ulike typar urter, og korleis ein skal nytte dei i matlaging.

    kribef - 14.05.2013 12:29

  15. How to Make Risotto

    Videoen viser korleis ein lagar risotto.

    kribef - 14.05.2013 12:36

  16. English for my job (hospitality industry)

    Lenkje til nettside med interaktive vokabular- og grammatikkøvingar nyttige innanfor hotel, restaurant, turist og service-bransjen. Fyll-inn oppgåver med bilete, spørsmål og svar m.m. 

    kribef - 25.02.2015 09:35

  17. Speak English - vokabular

    Speak English er ei nettside med mykje generelt og spesifikt vokabular. Vokabularet er i hovudsak britisk engelsk og kjem med oversettingar til bokmål. Dei engelske orda og setningane kan ein få opplest ved å trykkje på ordet/setninga. Sida har to hovudkategoriar, uttrykk og ordforråd, desse er igjen delt inn i tema som t.d. grunnleggjande uttrykk, naudssituasjonar, samtale, tid/dato, tal, fargar, møblar, bildelar, mat og drikke, menneskekroppen, arbeid...Fin side for elevar som har lite ordforråd og for elevar som vil ha ei kategorisert oversikt over vokabular. 

    kribef - 25.02.2015 09:58

  18. Cooking in Britain today

    Undervisningsopplegg frå British Council knytt til restaurantbransjen i Storbritannia. Nivået er intermediate + så det passar kanskje best til elevar med høgt språknivå. Elevane jobbar med matrelatert vokabular, ulike arbeidsoppgåver knytt til temaet, t.d. det å reflektere over nasjonale rettar, alias-aktige øvingar (beskriv ein matrett), quiz. Nokre av oppgåvene legg til grunn at elevane kjenner godt til matprogram og kjendis-kokkar frå Storbritannia, så her må ein kanskje tilpasse til norske elevar sin kjennskap. 

    kribef - 25.02.2015 10:20

  19. Functional Skills writing tasks for catering students

    Skriveøving med m.a. ulike korte, konkrete case-oppgåver og rettskriving. Det ligg ved vurderingskriterium, men desse er knytt til ein britisk læreplan. Oppgåvene i seg sjølv kan godt nyttast i høve til den norske læreplan. Lenkja vedlagt her, lenkjer vidare til andre restaurantfaglege oppgåver og ressursar (t.d. ulike skriverammer)

    kribef - 25.02.2015 10:43

  20. Work placement

    Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram har ofte praksis eller utplassering i arbeidslivet. Då er det naturleg å nytte desse erfaringane dei har gjort seg i arbeid i engelsk. Denne oppgåva er ei rapportoppgåve og inneheld to variantar; ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i Noreg, og ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i utlandet. Elevane øvar seg i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving og digitale verktøy. Rapporten kan vere skriftleg eller munnleg.

    kribef - 14.05.2013 11:32

Pages