Search page

Søket fant 12 resultater på 0.06 sekunder.

Søkeresultater

  1. HEALTH AND SAFETY AT THE CONSTRUCTION SITE

    Skriveoppgåve der elevar på bygg og anleggsteknikk (vg1 og vg2) jobbar med helse, miljø og tryggleik. Elevane skal førebu eit skriv eller ei brosjyre for sine kollegar som ikkje har norsk som morsmål. Elevane kan ta utgangspunkt i ein anleggsplass dei kjenner til, og nytte fagkunnskap om HMT til å løyse oppgåva.

    kribef - 14.05.2013 11:44

  2. Computer electronics and health, safety and environment

    Elevane skal reflektere over korleis helse, miljø og tryggleik spelar inn i sitt framtidige yrke. Elevane skal tenkje over kva potensielle risikoar dei kan støte på i yrket sitt. Dei skal også jobbe med kva tryggingstiltak og utstyr dei brukar i jobben, og kva dei sjølve kan gjere for å unngå helseproblem.

    Grunnleggjande dugleik; å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

    kribef - 13.05.2013 14:45

  3. How to operate a construction machine

    Kort differensiert skriveoppgåve om anleggsmaskiner. Elevane skal skrive kort om ei valfri anleggsmaskin, og gi ei kort beskriving av kva maskina blir brukt til og korleis denne fungerer. Elevane skal også skrive noko om korleis ein brukar maskina på ein trygg måte. Oppgåva kan også vere utgangspunkt for ein munnleg aktivitet.

    Grunnleggjande dugleik: å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

    kribef - 13.05.2013 15:11

  4. BBC Radio 4 Farming Today podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema og problemstillingar innanfor landbruk, dyrehald og akvakultur i Storbritannia. Podcastane varer omlag 15 minutt, og er slik fine til bruk i lytteøvingar. Kan enkelt lastast ned.

    kribef - 18.12.2014 09:19

  5. BBC Radio 4 Inside Health - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike helserelaterte tema knytt til helsevesenet (i Storbritannia), sjukdommar, medisinering osb. Podcast-episodane varer om lag 30 minutt. Programleiaren diskuterer ulike problemstillingar med gjester. Kvar podcast-episode tek føre seg ei rekkje tema, så det kan vere aktuelt å nytte berre delar av episoden. I alle høve, podcastane passar godt til lytteøvingar og øving i dialektforståing.

    kribef - 18.12.2014 09:44

  6. BBC Radio 4 Excess Baggage - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema innanfor reiseliv. Ein del av podcast-episodane handlar om destinasjonar, medan andre handlar om reisemåtar og ulike opplevingar som t.d. familiereiser eller villmarksreiser. Podcastane varer om lag 30 minutt, og nokre tek føre seg ulike tema, medan andre fokuserer berre på eitt tema. Podcastane fungerer godt som lytteøving, i tillegg til at elevane får trening i ulike dialetar og variantar av engelsk. 

    kribef - 18.12.2014 09:51

  7. BBC Radio 5 live Let's Talk About Tech - podcast

    Podcast med ulike tema innanfor teknologi som t.d. droner, e-bøker, 3D printing, dataspel og einskilde produkt. Episodane varar frå om lag 25 til 50 minutt. Passar godt som lytteøving. 

    kribef - 18.12.2014 14:12

  8. Forestry - Timber Production

    Elevane jobbar med å lese og forstå fagtekst om tømmerproduksjon samt fagvokabular knytt til dette. Tema er skogsplanting og det arbeidet som krevst i førebuing og vedlikehald av plantefelt. I tillegg lærer elevane om ulike vanlege tresortar og deira karakteristikkar og bruksområde. Elevane får øving i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

    kribef - 13.05.2013 15:33

  9. Madhur Jaffrey and Indian cooking

    Opplegget er ei lytteøving basert på ein podcast frå BBC Radio 4 programmet Food Programme. Programmet handlar i hovudsak om TV-kokken og kokebokforfattaren Madhur Jaffrey og hennar oppvekst og erfaringar med indisk mat i og utanfor India. Programmet tek også føre seg endringar i matkulturen og samfunnet i det moderne India. Elevane lyttar til podcasten og hentar ut informasjon som dei nyttar til å svare på spørsmål. I tillegg får elevane øving i ulike engelske dialektar, og då særleg indisk-engelsk. Opplegget er tenkt som ein timeaktivitet, ev.

    kribef - 26.01.2015 11:51

  10. Women in the Kitchen

    I denne læringsaktiviteten jobbar elevane med ulike ting. Opplegget er i hovudsak ei lytteøving ved bruk av podcast, men tek opp aktuelle tema som likestilling og kjønnsfordelinga på professionelle kjøkken. I tillegg får elevane øva dialektforståing og ulike variasjonar av engelsk. Elevane jobbar med spørsmålsark medan dei lyttar til podcasten. Spørsmåla kan ein nytte til vidare diskusjon om likestilling og kjønnsfordeling, og t.d. samanlikne med Noreg. 

    kribef - 18.12.2014 07:55

  11. Car Stuff - podcast

    Lenkja er til ein amerikansk podcast som tek føre seg ulike bil- og køyretøyrelaterte tema. M.a. snakkar dei om historia til ulike køyretøyprodusentar (t.d. Honda), ulike bil- og motorsykkelmodellar, racing og How it works-tips som t.d. korleis køyre i snø. Podcastane varer frå om lag 30 minutt til 60 minutt alt etter tema. Passar godt til køyretøy-klassar.

    kribef - 05.02.2015 13:28

  12. The Ultimate Food Truck

    Opplegget er eit gruppearbeid (pararbeid) om fenomenet food truck som stadig blir meir og meir populært og anerkjent, også i Noreg. Elevane jobbar med å utvikle kvart sitt food truck konsept som dei så legg fram munnleg for klassen. Opplegget øvar både digitale og munnlege og skriftlege grunnleggjande ferdigheiter. Som inspirasjon og førebuing til gruppearbeidet kan klassen sjå filmen "Chef" som handlar om ein kokk som startar med food truck.

    Bilde: http://amis30porboston.blogspot.no/2013/05/mayfair.html 

    kribef - 23.02.2015 11:04