Skylappjenta

Beskrivelse: 

Utgangspunktet er filmen «Skylappjenta» og arbeid med nokre typiske eventyrtrekk. Trening i bruk av omgrep knytta til flerkulturelle samfunn. Ulike typar skriveoppgåver; kreative, argumenterande og resonnerande. Filmen blir brukt som bakgrunn og igangsetjar for skriveoppgåvene. Dette undervisningsopplegget har ikkje fokus på dei filmanalytiske aspekta.

Målgruppe

Tverrfagleg samarbeid norsk og samfunnsfag. Kan brukast på alle studieretningar, vg1/vg2

Grunnleggjande ferdigheiter

Øving på munnlege og skriftlege ferdigheiter, samt samtale og lytting

Førlesingsaktivitet

1. Kva er ein skylapp? Stikkord på tavla.

2. Studer biletet under og skriv kva du forbind med ein sommarfugl.

Foto: Gerth Hansen, Scanpix Danmark, NTB Scanpix. Lisens: Cc by-nc-sa. Kilde: ndla.no

  • «Når eg ser sommarfuglen tenkjer eg på…»

3. Lytteoppgåve

Leseoppgåve

1. Les eventyret Raudhette og ulven.

2. Aktivitetar etter lesinga organisert i grupper eller i samla klasse:

  • Samtal i klassen om kva verdiar det er som eventyret formidlar.
  • Kva typiske eventyrtrekk finn du?

Filmoppgåve

  • Sjå filmen "Skylappjenta", men stopp filmen ved 6:25.
  • Lita refleksjonsoppgåve for å skape engasjement: Kva trur du skjer vidare? Du kan starte teksten din slik: «Eg trur at…»
  • Når elevane har presentert tekstane sine, kan ein sjå siste del av filmen.

Etterlesingsoppgåve

  • Denne filmen har ein klar parallell til «Raudhette og ulven», men finn du andre eventyr i filmen?
  • Samtal om moralen i filmen i gruppe eller samla klasse:

Kva vinn og kva tapar ho ved å forlate heimen sin?

Å lære omgrep

Forklar omgrepa under, bruk gjerne ndla.

Omgrep

Forklaring

Fleirkulturell

 

Stereotypi

 

Fordommar

 

Arrangert ekteskap

 

Kultur

 

Integrering

 

Framandfrykt

 

Sluttprodukt

1. Sjå for deg at du er jenta som har fått ei god venninne i storbyen. Fortel ho kva som hende den dagen då du gjekk for å vitje bestemor di.

2. Tenk deg at du er jenta og skriv brev til mor di der du prøver å overbevise ho om valet du tok. Du kan byrje slik:

«Kjære mamma!

Eg skriv til deg for å fortelje deg at eg har det bra her i storbyen, men at eg likevel saknar deg. ..»

3. Skriv ein tekst der du reflekterer over fordelene og ulempene mellom arrangert ekteskap og ekteskap bygd på kjærleik.

4. Skriv ein tekst der du reflekterer over kva utfordringar fleirkulturelle ungdommar møter i Noreg i dag. (Jamfør starten på filmen der Skylappjenta ikkje ser typisk norsk framferd).

Skriftleg innlevering med karakter i norskfaget. Kriteria blir bestemt i klassen.