"Få meg på, for faen" – ungdom og seksualitet i eit lite lokalsamfunn

Beskrivelse: 

Utgangspunktet for undervisningsopplegget er filmen «Få meg på, for faen» som fokuserer på ungdom og seksualitet. Opplegget passar på barne-og ungdomsarbeidarfaget der eit av måla er å drøfte sammenhengen mellom identitet, seksualitet og sjølvkjensle. Deler av opplegget er basert på eit gruppearbeid med munnleg bruk av språket. Sluttproduktet er mellom anna ein reportasje og eit personleg brev.

Målgruppe

Norsk på programfag for barne-og ungdomsarbeidarar, men undervisningsopplegget kan òg brukast på andre programfag.

Grunnleggjande ferdigheiter

Elevane skal trene på munnleg; å gjere greie for korleis hovudpersonar i filmen «Få meg på, for faen» blir framstilte. Skriftleg; å skrive ein tekst basert på livet til Alma, ein av hovudpersonane i filmen. Her får elevane velje mellom å skrive ein samansett tekst, eit personleg brev og eit refleksjonsnotat.

Førlesingsaktivitet

Tenkjeskriving:

Kva tenkjer du når du ser dette biletet? Skriv i tre minutt utan å løfte blyanten. Hjelpesetning: «Når eg ser dette biletet, tenkjer eg på….»


Foto: Karrie Nodalo. Lisens: CC by-nc. Kilde: flickr.com

Leseoppgåve

Les utdraget frå boka «Få meg på for faen» (Signatur vg3,
Tekstsamling).

  • Kva tankar gjer du deg om teksten?
  • Kva verkemiddel brukar forfattaren for å gje eit verkeleg bilete av ungdomen?
  • Kva inntrykk får du av personen som vi møter i utdraget?

Filmoppgåver

1. Sjå filmen «Få meg på, for faen». Elevane får beskjed om å ha fokus på ein av karakterane medan dei ser filmen. Sjå forklaringa nedanfor.

2. Skygging av karakterar og munnlege aktivitetar:

  • Del klassen inn i tre grupper der ei gruppe har spesielt fokus på Alma, ei anna på Artur og den siste på mor til Alma. Heile tida må elevane reflektere over kva faktorar som er utslagsgjevande for oppførselen deira.
  • Når ein har sett filmen går ein saman i grupper organisert etter kva person ein har hatt fokus på, og elevane lagar ein felles personkarakteristikk og kommenterer kva det er som påverkar personen ein har hatt fokus på.
  • Deretter ny organisering der ein frå kvar gruppe går saman med ein annan frå dei andre gruppene og fortel korleis ein har oppfatta sin person. Her utvekslar ein kva inntrykk ein har av karakterane, og kjem fram til ei felles forståing av teamet i filmen; ungdom og seksualitet.

Sluttprodukt

Kva skjer med Alma?

Vel å skrive ein av tekstane. Lengde ca. 400 – 500 ord.

1. Alma er vorte berømt og vert intervjua i Bergens Tidende. Tenk deg at du er journalisten og skriv reportasjen om Alma. I intervjuet fortel ho om korleis oppveksten har vore med på å forme ho. Lag ein samansett tekst til avisa di der du fortel om Alma og livet hennar.

2. Alma har reist frå heimstaden sin. Tenk deg at Alma skriv brev til mora fem år etter at ho forlot bygda. Kva fortel ho mora? Du kan byrje brevet slik:

«Kjære Mamma!

Det er lenge sidan eg har skrive til deg, og derfor har eg stor trong til å fortelje deg kva som hende den gongen då vi skilde lag …»

3. I filmen får ein innsikt i korleis tilhøvet mellom jenter og gutar er i ei lita bygd. Skriv ein tekst der du reflekter over korleis eit lite lokalsamfunn kan vere med å bestemme korleis ein person blir danna.

I dette undervisningsopplegget arbeider ein med fleire læreplanmål i både norsk og programfag for barne – og ungdomsarbeidarfaget. Likevel er det mål i læreplanen for norsk som er i fokus. Vurderingskriteria for skriveoppgåvene kan ein avklare i klassen på førehand.