Meg sjølv som helsefagarbeidar

Beskrivelse: 

Utgangspunktet for undervisningsopplegget er at elevane skal skrive ein kreativ tekst der dei ser føre seg ein vanleg arbeidsdag i framtida. Dei skal fortelje om ulike arbeidsoppgåver, refleksjonar rundt opplevingar, både dei gode og vanskelege, og korleis kunnskap om kommunikasjon og toleranse vert utfordra.

Målgruppe

Tverrfagleg samarbeid mellom norsk og programfag, Vg2 helsefagarbeidar. Opplegget er lett å overføre til andre fagområde.

Grunnleggjande ferdigheiter

Elevane skal øve på å uttrykke seg skriftleg.

Foto: Dag Jenssen / Samfoto / NTB Scanpix. Lisens: CC by-nc-sa. Kilde: ndla.no

Forslag til gjennomføring

Dette er ei fin oppgåve å starte skuleåret med. I dei første haustvekene er fokuset helsefagarbeidaren som profesjonell yrkesutøvar, og dei ulike oppgåvene ein kan forvente å stå overfor. Elevane får her muligheita til å «drøyme seg bort» til ein typisk arbeidsdag nokre år fram i tid. Ein får eit godt innblikk i kvar elevane står både i modning, kunnskapar og i evna til å reflektere og sjå samanhengar. I tillegg gir tekstane norsklæraren eit godt inntrykk av den einskilde sine styrker og utfordringar i skriftleg framstilling.

Programfag (KS og YØ): Elevane får kunnskap om dei mest aktuelle arbeidsplassane for ein helsefagarbeidar. Lærebøkene i programfaga har kapittel om dette. Elevane har gruppearbeid om dei ulike mulegheitene med framføring.

Norsk: Norsklærar går gjennom oppgåveteksten før elevane startar med ei førskrivingsøkt. Vidare les læraren ein modelltekst, og deretter startar elevane på sjølve forteljinga.

Førskrivingsoppgåver

  • Eg arbeider på ….
  • Brukarane mine er …..
  • Hovudoppgåvene mine er …..

Skriv i fem minutt. Les tekstane høgt i grupper på tre. Klassesamtale rundt idèane i etterkant.

Sluttprodukt

Sjå for deg at du er ferdig med utdanninga di, og du har no fått deg den jobben du ønsker deg.......

Skriv ei praksisforteljing frå ein helt vanleg arbeidsdag. Start med å fortelje om kvar du jobbar og litt om denne arbeidsplassen. Vidare skriv du om dei ulike oppgåvene du har i løpet av denne dagen. Det er viktig at du stoppar opp og reflekterer rundt nokre av opplevingane dine, både dei gode og dei vanskelege. Dette kan for eksempel vere noko du erfarer i forhold til samarbeid med kollegaer eller i møte med brukarar og pårørande. Du må òg seie noko om korleis kunnskapane dine om kommunikasjon og toleranse vert utfordra i løpet av ein helt vanleg dag.

Du må gjerne bruke eigne erfaringar eller historier du har lese eller høyrd fortalt. Du kan òg gjerne trekke inn kunnskapar frå det du lærte i PTF i fjor. Elles kan du dikte heilt fritt.

Kriterier for layout: Skrifttype: Times New Roman/Areal, skriftstørrelse: 12, linjeavstand: 1, 5

I dette tverrfaglege undervisningsopplegget arbeider ein med fleire læreplanmål i både norsk og programfaget. Elevane kan få ei vurdering med godkjent/ikkje godkjent i begge fag. Lærarane blir einige om vurderingskriteria med utgangspunkt i føringane i oppgåveteksten.