Å reie tom seng - heilskift

Beskrivelse: 

I denne oppgåva skal Vg2-elevar gi Vg1-elevar ein munnleg instruksjon i korleis ein reier ei seng. Tanken er at elevane blir svært medvitne kva dei gjer når dei har ansvar for å lære frå seg til andre. Her får dei testa ferdigheitene og kunnskapane sine i både kommunikasjon og sengereiing.

Målgruppe

Tverrfagleg samarbeid mellom norsk og programfag på Vg2 helsearbeidarfaget

Grunnleggjande ferdigheiter

Elevane skal trene på å uttrykke seg munnleg på ein forståeleg måte, i tillegg til at dei må førebu seg ved å lese instruksjonen til korleis ein skal gjennomføre oppgåva.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix. Lisens: CC by-nc-sa. Kilde: ndla.no

Forslag til gjennomføring

Tidsbruk: 1 skuletime til førebuing + 2 skuletimar til instruksjon/presentasjon

Programfag (helsefremjande arbeid): Elevane går gjennom sengereiing saman med yrkeslærarane på pleierommet. Her blir dei grunnleggjande prinsippa med hygiene vektlagt, i tillegg til ein grundig gjennomgang av namna på alt utstyret som vert brukt.

Norsk: Norsklærar har ein generell gjennomgang av temaet instruksjon. Mot slutten av økta les ein gjennom instruksjonen om sengereiing i helseboka/ NDLA og viser modellvideo frå NDLA: Å re tom seng. HIOfilm. Elevane får presentert sjølve oppgåva, og deler seg så inn i grupper på to. Siste delen av økta bruker elevane til å planlegge korleis dei ønskjer å løyse oppgåva.

Oppgåvetekst

Gjennomfør «Reiing av tom seng (heilskift)» saman med ein Vg1-elev frå HO. Oppgåva er eit pararbeid med ein annan Vg2-elev, og elevane skal dele på å vere hovudinstruktør. Når du ikkje er den aktive i sjølve instruksjonen, skal du stå litt til side for Vg1-eleven og hjelpe til ved behov.

Hugseliste:

  • Ta imot Vg1-eleven på ein høfleg måte.
  • Forklar kort kva dei skal gjere.
  • Fortel eleven namnet på alt dei bruker (t.d. stikklaken).
  • Vis med ord og handling korleis ein reiar ei seng.
  • Grunngi det du gjer.

Sluttprodukt

Flott seng og fornøgd Vg1-elev

I dette tverrfaglege undervisningsopplegget arbeider ein med fleire læreplanmål i både norsk og programfaget. Vg1-eleven gir respons direkte etter instruksjonen. Elevane får ei lærarvurdering med høg-middels-lav i begge fag. Det mest naturlege er å bruke kriteria frå hugselista som utgangspunkt for vurderinga.