Kunden i fokus? Verkstaden som servicebedrift

Beskrivelse: 

Utgangspunktet for undervisningsopplegget er temaet rollespel som programfaget legg rammene for. I programfaget arbeider elevane med kommunikasjon og opplæring i service. Dei må mellom anna ta stilling til kva det er viktig å tenkje på for ein mekanikar og ein som jobbar i kundemottak. I norskfaget arbeider elevane med munnleg kommunikasjon, verbal og non-verbal. Skriftleg legg norskfaget rammer i høve til tekst som skal leverast i etterkant. Sluttproduktet er eit refleksjonsnotat med grunnlag i eleven si rolle i rollespelet.

Målgruppe

Tverrfaglig samarbeid norsk og vg2 køyrety

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnleg skal elevane trene på ulike roller dei har/vil få i eiga yrkesutøving. Skriftleg skal elevane uttrykkje tankar og reflektere over rollene ein har i møte med andre.

Forslag til gjennomføring

I programfaget: Programfaget har tema kommunikasjon og kundebehandling. Læreboka i programfaget vil ha dette som tema og programfaglærar underviser i emnet.

I norskfaget: Norsklæraren underviser i munnleg kommunikasjon, og konsentrerer seg spesielt om kroppsspråk og non-verbal kommunikasjon. Elevane ser døme på kva kroppsspråk og korleis det vert signalisert. http://www.tv2.no/underholdning/idol/irritert-idoldommer-greve-maatte-unnskylde-seg-3575884.html

Forslag til førarbeid før rollespel

1. Del klassen i to, og gje dei kvar si skriveoppgåve.

Gruppe 1: Skildre kroppsspråket til Idoldommar Greve. Skriv i tre minutt.

Gruppe 2: Tenk deg at du er Vegard Leite. Korleis opplever du auditionen? Skriv i tre minutt.

Gruppene les opp for kvarandre, munnleg samtale i klassen om kva ein har lagt merkje til.

2. Snakk saman i grupper om korleis vi oppfører oss i forskjellige roller (misfornøgd kunde, servicearbeider, barn som vil oppnå noko hos mor/far).

Gjennomføring av rollespel

Programfaget gjennomfører rollespel (etter at norsklærar har undervist i munnleg kommunikasjon). Elevane får utdelt ei situasjonsbeskriving (sjå vedlegg).

Sluttprodukt

Skriv eit refleksjonsnotat på ca. 400 - 500 ord.

Skrivetips

Nokon gonger skriv vi for å presentere for andre, andre gonger skriv vi som eit hjelpemiddel for oss sjølv. Eit refleksjonsnotat er ei form for tenkjeskriving der ein fokuserer på kva ein har lært av noko som er gjort.

I eit slikt notat skal ein ha med kva som er gjort, kva som har skjedd og kva erfaringar og tankar ein gjer seg. Du skal i liten grad skildre kva du gjer, målet er og seie noko om tankar og erfaringar du har gjort. Når du seier noko om kva som faktisk skjedde, gjer du det for å forklare erfaringar og tankar du har gjort deg. Med andre ord viser du til kva som faktisk skjedde, men fokus er på kva du har tenkt og erfart.

Organisering av teksten di

1. Overskrinft

2. Innleiing der du fortel kva notatet handlar om.

3. Utdjuping av saka.

  • Kva skjedde?
  • Kven var til stades og kva rolle hadde dei?

4. Tenk over kva som skjedde. Kan dei oppføre seg slik dei gjorde? Kvifor? Kvifor ikkje? Kunne dei gjort noko annleis? Korleis utviklar tilhøvet mellom personane seg? Høyrer dei på kvarandre? Korleis kjenner kundebehandlaren seg etter møtet med kunden? Kva er grunnen, trur du?

5. Avslutning. Sei noko om korleis du opplevde situasjonen, og korleis den eventuelt kunne vore løyst på ein annan måte.

I dette tverrfaglege undervisingsopplegget arbeider ein med fleire læreplanmål både i norsk og programfaget. Elevane kan få ei vurdering i begge fag om heile opplegget vert gjennomført. Vurderingskriteria bør avklarast med klassen.