Reklame. NSB Julereisen

Beskrivelse: 

Eit norskfagleg opplegg der ein arbeider med verkemiddel i samansette tekstar, reklame og også kjem inn på litteratur og faglege omgrep. Passar godt å jobbe med dette før jul.

Gruppearbeid med munnleg framføring

Ressurser

Opplegget føreset at ein har jobba med verkemiddel brukt i reklame og bilete. Klassesamtale med repetisjon, elevane får fram det dei hugsar. Noter punktvis på tavle.

Ser filmen ein gong. Elevane er delt inn i grupper, og ser på kva referansar dei finn til andre tekstar, filmar og songar. Gruppene presenterer for kvarandre.

Viser filmen ein gong til. Denne gongen får gruppene i oppdrag å sjå etter forskjellige ting i filmen.

Gruppe 1: Følg med og beskriv korleis ein brukar musikk og lydar i filmen. Kva gjer dette med filmen?

Gruppe 2: Kven minner personane i filmen om, og kva er det som gjer at personane liknar?

Gruppe 3: Kva minner det ytre miljøet om? Kva er det vi ser? Minner det om noko? Kvifor?

Gruppe 4: Korleis er filmen bygd opp?

Alle gruppene: Er det lett å skjøne kva filmen reklamerer for? Kvifor/kvifor ikkje?

Gruppearbeidet skal presenterast munnleg.

Sluttarbeid: skriv ein kort tekst, ca 200 ord. Tema: Er dette ein god eller dårleg reklamefilm. Grunngjev kvifor/kvifor ikkje og vis til konkrete verkemiddel brukt i filmen

Munnleg vurdering av gruppearbeid og skriftleg vurdering av korttekst