Helsefag og norsk. Foredrag knytt til reklame for eit produkt innan helse, kosthald eller livsstil

Beskrivelse: 

Eit foredrag som skal ta utgangspunkt i ein reklamefilm eller trykt reklame som reklamerer for eit produkt som kan knytast til helse, livsstil og/eller kosthald.

Ein må vise at ein kan tenkje ktitisk om produktet og måten det vert reklamert for produktet på.

Undervegs i arbeidet må ein må truleg bruke ulike kjelder, og her bør ein vise til kjelder også undervegs i foredraget i tillegg til kjeldelista til slutt.

Foredraget skal vurderast etter fagleg innhald både i programfaget og i norskfaget. Norskfaget kan i tillegg vurdere oppsett og sjølve framføringa.

PRESENTASJONEN SKAL INNEHALDE:

Innleiing:

·Presenter reklamefilmen eller den trykte reklamen du har valt.

·Sei kvifor du har valt denne reklamen.

Hovuddel:

·Gjer greie for kva produktet inneheld som kan ha ein dokumentert helsebringande effekt og kva innhald i produktet som ikkje har dokumentert helseeffekt.

·Gjer greie for kva verkemiddel du finn i reklamen som vil vekkje behov for å skaffe seg produktet (Ordbruk, bilde, lyd, fargar, bruk av kjendisar osv)

·På kva måte er verkemidla med på å underbygge bodskapen i reklamen?

·Er dette eit produkt du vil bruke/tilrå andre å bruke? Kvifor/ kvifor ikkje? Grunngje svaret med kunnskap frå helsefremjande arbeid vg1.

Avslutning:

·Kva har du lært i arbeidet med denne reklamen? Trekk inn både HF og norsk.

·Kva har vore greitt å finne ut og kva har vore meir utfordrande?

·KJELDELISTE!

Web-side for forskingsresultat: http://www.helsebiblioteket.no/Oppsummert-forskning.

Du må gjerne finne andre fagkjelder også. Tips: Spørje tilsette på eit apotek?

Drøfte = Forklare ulike sider ved ei sak, fordeler og ulemper, for og imot osv., deretter skal du vurdere dei ulike sidene.

Avslutte med ein fagleg konklusjon.

 

Power point eller annan digital presentasjon skal leverast i fronter

Helsefag: Vurderer om eleven har fått med seg faglege poeng innafor det emnet eleven har valt

Norsk: vurderer framføring og om eleven klarer å bruke kunnskap om samansett tekst/verkemiddel i reklame