Donna Diesel - Lesson 1

Beskrivelse: 

Dette er eit yrkesretta opplegg for engelsk på vg2 Transport og logistikk. Hovudmålet er innlæring av terminologi for bil og veg.

Donna Diesel er ei handbok som Vegvesenet har laga om å køyre under norske forhold. Dei har laga versjonar på norsk, engelsk, tysk, polsk og fleire andre språk .

Eit par sider frå innleiinga til handboka er brukte i dette opplegget. Teksten ligg parallelt på engelsk og norsk, og det følgjer med gloseøving på Quizlet, oppgåver og kryssord. Kryssordet kan delast ut separat eller kopierast i lag med resten.

Viss elevane får teksten i elektronisk form bør dei få pdf-versjonen. Word-dokumentet har mange element som er "klipte og limte", difor vil ikkje dokumentet alltid fungere på elevane sine PCar. Læraren kan bruke Word-versjonen til å redigere / tilpasse oppgåvene.

Gloseoppgåve, lesing, omsetjing, kartoppgåve, munnleg aktivitet, kryssord.

Glosene bør øvast grundig. Nokre av dei er veldig enkle, men mange av orda er grunnleggjande for bransjen og nødvendige å kunne når ein gjer oppgåvene. Omsetjingsoppgåva er litt lang - kanskje to og to elevar kan samarbeide. Elevane bør oppmuntrast til å gjere den munnlege oppgåva grundig (evt. framføre).

Det er brukt lokale vegstrekningar m.m. i oppgåvene. Det er best å tilpasse dette alt etter kvar i landet skulen ligg.