Munnleg presentasjon av eit metall

Beskrivelse: 

Elevane får ansvar for kvart sitt metall som dei skal lage ein presentasjon om. Presentasjonen må innehalde følgjande: Førekomst, tilverknad, historie, bruksområde og HMS. Sluttproduktet er ei munnleg framføring for resten av klassa.

Før prosjektet blir sett i gong, bør det undervisast i dei ulike metalla. Deretter får elevane velje metall etter eige ønskje. I norsken jobbar ein med korleis presentere og lage PowerPointar. Her kan rollespel nyttast som strategi der elvane syner ulike typar framføringar. Halvvegs i prosessen framfører eleven arbeidet sitt og får framovermelding til vidare arbeid. Elevane jobbar vidare individuelt.

Elevane får karakter både i norsk og i materiallære. Sjå vedlegg for særlege vurderingskriterium i norsk. I materiallære er det viktig å fokusere på førekomst, tilverknad, historie, bruksområde og HMS i vurderinga og kunne lekkje dette til utdanningsprogrammet sitt.