Reklame for periodisk køyretykontroll

Beskrivelse: 

I dette opplegget jobbar elevane tverrfagleg med programfaget og norsk. Munnleg: Formidle eit bodskap, fortelje om arbeidsprosessen. Skriftleg: Vere kort, klar og konkret når ein formidlar bodskapen

Elevane skal lage ein reklamefilm for elevbedrifta si og den må innehalde at dei kan ta periodiske køyretøykontrollar (PKK) på verkstaden. Det er eit krav et dei skal seie noko om

  • Kva ein PKK er.
  • Når eit køyretøy må ta slike kontrollar og korleis bileigar sjølv kan finne ut når ein må ta PKK på sin bil.
  • Kva som skjer i etterkant av ein slik kontroll.
  • Dei ulike type manglane ein kan få og når ein må utbetre desse.

Filmen må innehalde både lyd, tekst og film/bilete.

Elevane skal vise den ferdige filmen til klassen med både norslærar og programfaglærar til stades. Elevane vil måtte forklare korleis dei tenkte i planleggingsfasen, kva for verkemiddel dei brukte, evaluering av arbeidet undervegs og ei evaluering av sluttproduktet.

Del klassen inn i grupper på to eller tre elevar. I norsktimane får elevane kjennskap til ulike verkemiddel i film og reklame. Ein må også innom opphavsrett og kva ein kan bruke av det ein finn på nettet. Elevane skal lage ei "dreiebok" til korleis dei tenkjer seg filmen skal vere. Planleggje alle scener og også lengda på filmen. Sjølve filminga går føre seg på verkstaden i programfagstimane. Etterarbeid med redigering og sluttføring av filmen vert gjort i norsktimane.

Formell vurdering i norsk og prosjekt til fordjupning.

Vurderingskriterium:

Produktet

  • Korleis elementa fungerer saman (lyd, bilete, tekst)
  • Passeleg lengde
  • Rettskriving
  • Fagleg innhald knytt til læringsmål i programfaget

Diskusjonen

  • Evne til å kunne sjå kva ein har gjort og formidle kva ein har tenkt
  • Bruke faguttrykk
  • Snakke høgt og tydeleg
  • Mimikk, kroppsspråk, fri frå manus
  • Kontakt med publikum