Route 66

Beskrivelse: 

Vi følgjer skodespelar og skotte Billy Connolly på ei reise langs “Route 66” i USA. Han møter forskjellige folk og tek opp ulike kulturelle, historiske, politiske og geografiske tema relevante for fleire kompetansemål. Gjennom interaktiv læring får elevane god innføring i USA, og ein kan lett integrere yrkesfaglige tema i undervisninga.

Læringsmåla tilknytta: Historiekunnskap, kunnskap i eige fagområde som passar til hendingane (eks: bilulykke + køyrety) kulturkunnskap, kunnskap om språklege fenomen (dialekter, sosiolekter, kommunikasjon for eksempel small talk). Grunnleggande ferdigheiter: Lese, lytte, bruke digitale verktøy evt presentere.

Video på Youtube: «Bill Connolly Route 66 EP1-4» og spørsmålsark (utvikla av lærar og tilpassa fagområdet) Quizar for kvar episode, med 10 forskjellige spørsmål relatert til læremåla inklusive yrkesrelaterte spørsmål. Vinnaren får ein Firkløversjokolade som premie til slutt.

Videoane må sjåast på førehand, og læraren må utarbeide spørsmål frå dei i forhold til læreplanar og yrkesfag. Lytteprøve med ulike sosiolekter og dialekter (skotsk og amerikanske dialekter) på engelsk.

Temapresentasjon

Firkløverspørmål dvs.10 faktaspørsmål. Elevane har spørsmåla framfor seg undervegs, ein ser videoen, går igjennom spørsmåla i lag. Fordjuping i tema og innhaldet i leksjonen i ca 30 min. Her kan yrkestilpassinga kome enda tyngre inn.

I slutten av prosjektet får elevane utlevert eit eigevurderingsskjema, og går gjennom arbeidet med læraren ein-til-ein for forbetring. Underveisvurdering kan leggast inn midt i prosjektarbeidet (fagsamtale).