Opplegg til novella "Ingenting hendt" av Bjarte Breiteig

Beskrivelse: 

Undervisningsopplegget er tenkt som ei førebuing til utplassering i ei industribedrift. Det er viktig at eleven tenkjer gjennom kva kontekst han går inn i på ein arbeidsplass, og syner respekt for arbeidssituasjonen og verdigrunnlaget til menneska som arbeider der.

Ein arbeider med dei munnlege ferdigheitene i norskfaget. Elevane skal vurdere elementa i ein samansett talesituasjon, noko som er ein føresetnad for kommunikasjon med andre når det gjeld sosialt samvær, arbeidsliv og deltaking i offentleg liv. Samtale om tekstar har ei avgjerande betydning for elevane si læring og utvikling.

I samfunnsfag inneber det å uttrykkje seg munnleg mellom anna at elevane skal kunne greie ut om hendingar i fortida og samtida, å greie ut om ut stader og fakta og å bruke definisjonar, omgrep og faguttrykk til å forklare årsaker og verknader knytte til samfunn og kultur.

Opplegget brukar bileta som står i læreverket Signatur 2.

Førlesingsaktivitet der ein ser på bilete som høver til teksten og reflekterer over dette. Lærar les novella. Klassen vert delt i grupper på 3. Dei diskuterer etter spørsmåla gitt frå lærar. Her kjem også eit arbeid med verdiar som skal gjerast individuelt. Etter dette arbeidet skal elevane jobbe med å skrive ein kort tale til hovudpersonen. Denne skal haldast for resten av klassen

Uformell vurdering av talen frå medelevar og lærar. Vekt på stemmebruk, kontakt med publikum og at språket passar til innhald og situasjon.