Work placement

Beskrivelse: 

Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram har ofte praksis eller utplassering i arbeidslivet. Då er det naturleg å nytte desse erfaringane dei har gjort seg i arbeid i engelsk. Denne oppgåva er ei rapportoppgåve og inneheld to variantar; ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i Noreg, og ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i utlandet. Elevane øvar seg i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving og digitale verktøy. Rapporten kan vere skriftleg eller munnleg.

Elevane skriv ein skriftleg rapport (jfr. vedlegg Work Placement Report) eller førebur ein munnleg presentasjon. Lærar rettleiar i arbeidet. Som skriftleg rapport kan prosesskriving vere ein arbeidsmåte, der lærar rettleiar på førsteutkast. Som munnleg rapport kan lærar og elevar repetere kva som bør vere med i ein munnleg presentasjon samt presentasjonsteknikk. Lærar kan også rettleie i oppbygging av presentasjonar.

Vurdering av skriftleg rapport: i kva grad eleven har med punkta i oppgåva, språk, tekstbygging og struktur.

Vurdering av munnleg rapport: i kva grad eleven har med punkta i oppgåva, presentasjonsteknikk, manuskriptbruk, uttale og oppbygging av presentasjon (tekst og bilete i balanse).