Alle kokar og bakar

Beskrivelse: 

Opplegget tek sikte på å gi elevane erfaring med samansette tekstar, både å lese og vurdere slike tekstar, samt å sjølve produsere slike tekstar. Elevane får også trening i å formidle munnleg framfor ei forsamling.

Ein vil også gje elevane ein sjanse til å produsere ein fagtekst knytt til eige programområde. Samstundes får dei også erfaring med å produsere og publisere ein samansett tekst.

Sluttprodukt:

Elevane lager si eiga oppskrift og presenterer denne munnleg for klassa.

Eigenevaluering.

Om ein publiserer oppskriftene i ein blogg, vil dei få fleire naturlege mottakarar. Ein slik blogg kan brukast til inspirasjon for vidare arbeid med matretter og oppskrifter mellom elevane vidare i utdanningsløpet.

Ressurser

 

1. Lærar må avgjere om opplegget skal brukast som introduksjon til emnet samansette tekstar, eller om det er mest teneleg å ha gjennomgått fagstoff om slike tekstar først.

2. Lærar tek med seg eit variert utval av kokebøker til første timen, som elevane parvis skal bla i, samtale om og finne inspirasjon frå. Lærar peikar på nokre skilnader i utforminga av kokebøkene som elevane kan sjå etter og vurdere, t.d. layout på oppskriftene, som biletebruk, mengde tekst, nummerert framgangsmåte eller ikkje, introduserande tekst osv. Ein kan også sjå på korleis oppskriftene er samla/grupperte i boka tematisk, er det etter råvarer, rett (forrett, hovudrett, smårett, dessert, bakverk o.l.) Finn ein introduksjonstekstar til dei ulike emna? Kven er målgruppa for kokeboka?

Ein gjennomfører ein ”kokebokstafett” der alle elevpar minst får sjå på tre ulike kokebøker.

Avslutningsvis drøftar ein i plenum korleis kokebøkene er like/ulike. Kva bøker likte elevane best og kvifor.

3. Elevane får no i oppgåve å utforme si eiga oppskrift som ein samansett tekst.

Her kan lærar sjølv velge kva digitalt verktøy elevane skal bruke, office publisher, glogster (digital ”veggavis” som ein finn på nettet), ein instruksjonsvideo ala ”fjernsynskjøkkenet”, skal ein lage ein klasseblogg der oppskriftene skal publiserast?

Krav til elevane om at teksten skal vere ein samansett tekst, dvs. dei må nytte seg av minst to ulike uttrykksformer i teksten. Dei treng ikkje ”finne på” ei ny oppskrift, elevane kan nytte ei oppskrift dei finn i ei anna kjelde. Då er det viktig å oppgi kjelde, så her kan lærar gjerne seie litt om kjeldebruk og opphavsrett.

4. Elevane skal også presentere oppskrifta si for klassa når dei er ferdige, då skal dei seie noko om kvifor dei valde den oppskrifta dei valde (kanskje er dei glad i sjømat, kanskje elskar dei å bake, kanskje ville dei lære noko nytt om suppelaging). Dei skal også seie noko om kva dei har tenkt om komposisjonen av oppskrifta si, t.d. biletebruk, teksttype, tekstutforming, fargebruk osv. Kjeldeliste skal vere med.

Elevane skal også gjennomføre ei eigenvurdering som dei leverer i Fronter.

· Her seier dei noko om arbeidsmåten, korleis var det å lage ein slik samansett tekst.

· Kva tykkjer dei om produktet sitt, kva lukkast dei med, kva kan dei arbeide vidare seinare?

· Kva var bra med framføringa? Kva må dei jobbe vidare med til seinare munnlege presentasjonar?

Uformell vurdering i form av ros og ris i presentasjonssituasjonen (- undervegsvurdering.)

Formell vurdering med karakter på sluttproduktet, oppskrifta og den munnlege presentasjonen – hovudvekt på oppskrifta.

Eit variert utval av kokebøker