BESØK UTANFRÅ

Beskrivelse: 

Besøk av fagpersonar i klasseromet har stor verdi, utan omsyn til utdanningsnivå.

Profesjonelle fagfolk kan presentere sitt forhold til fag som engelsk, norsk og matematikk, etc., på ein meir truverdig måte enn mange profesjonelle lærarar. Mange har gått gradene med både teoretisk og praktisk utdanning, og kome seg opp i høge stillingar og posisjonar. Dei kan presentere sine utdanningsvegar og "treffe" ein del av elevmassen. På den andre sida har ein dei elevane som slit seg gjennom tida på skulen utan å sjå noko verdi i det. Dei opplever sjeldan meistring i teoretiske fag, og dei vil ikkje late seg "fengje" av slike merittlister.

Denne elevgruppa treng andre førebilete. Då må ein få inn folk som har kome seg fram på andre måtar enn gjennom det tradisjonelle skuleløpet. Det finst mange som har fått gode jobbar og posisjonar, trass i manglande skulegange. Mange av desse er òg villege til å erkjenne at dei gjerne skulle gjort ein betre innsats i skulearbeidet, og der er tydelege hol i den teoretiske kunnskapen deira. Desse kan òg fortelje kva fag dei oftast har hatt nytte av i yrkeslivet sitt, og då er det ofte engelsk, norsk og praktisk matematikk som vert nemnde. Det er viktig at dei får fram kor mykje dei brukar til dømes engelsk i sitt daglege arbeide.

Finn slike personar frå lokalmiljøet og elles, og inviter dei til ein time med klassen. Det har stor verdi og kan skape motivasjon for faga! Dette er relevant for alle yrkesfaglege utdanningsprogram.

I forkant kan ein førebu klassen på besøket, og oppmode dei om å kome med spørmål.

Har hatt positive erfaringar med slike besøk, og har sett at elevar har vorte meir inspirerte.

Det kan vere opp til den som kjem på besøk, om kva utstyr dei vil bruke.