Rapport på Yrkesfag - omvendt undervisning

Beskrivelse: 

Dette er ein video som er laga for å gje elevane oversyn over kva ein rapport på yrkesfag eigentleg er. Kva typar rapportar har vi og kva type rapport er nyttig i kva samanheng?

Videoen er primært knytt mot faget Prosjekt til fordjuping og Norsk, men det er også lagt inn tilknyting til læreplanmål for programfaga på vg1 og vg2, for å syne den tverrfaglege samanhengen mellom rapport som sjanger og bruken av rapport i dei ulike fagområda.

Videoen er tenkt brukt som hjelp når elevane skal i gang med å skrive rapport, men også undervegs, som rettleiing og oppfrisking av rapportskriving. På denne måten slepp læraren å gå gjennom emnet fleire gonger. Lurer ein elev, så er det berre å vise til videoen, og læraren kan bruke tida si på å rettleie fleire elevar i staden for å gjenta det same fleire gonger.

Videoen gir ei kort innføring i rapporttypar og skilnaden på dei. Egnar seg til omvendt undervisning.

Digital eining til å vise video på.