A Tudor Feast

Beskrivelse: 

Tudor-tida var ein viktig periode i engelsk historie, og svært forskjellig frå den moderne tida vi lever i no. Mat er noko menneska har vore oppteken av i alle tider, og er ein del av kulturen. I dette opplegget ser elevane ein dokumentar som tek føre seg korleis eit tudorsk festmåltid blir til. Historikarane fortel om prosessar, ingrediensar og råvarer som blir brukt medan dei lagar maten. Elevane jobbar med spørsmål til det dei ser; korleis eit tudorsk kjøkken fungerer, kva mat dei hadde, og kva seder og tradisjonar som var knytt til eit festmåltid hjå dei rike.

Elevane øver grunnleggjande ferdigheiter som lytting, skriftlege og munnlege ferdigheiter. Sluttproduktet av dette opplegget kan anten vere ein munnleg diskusjon i klassen eller som ei skriftleg innlevering, alt etter som kor formell vurdering ein ønskjer å gjennomføre.

Elles kan opplegget inngå i eit større prosjekt der t.d. elevane sjølv set seg inn i ulike aspekt av tudor-tida før dei jobbar med oppgåva. Resultatet av ein større versjon av opplegget kan vere ei framføring eller som ei skriftleg innlevering.

Læraren byrjar med å setje tudor-tida i kontekst, eller let elevane finne ut om tudor-tida som eit forarbeid til videoen og oppgåvene. Ein går gjennom oppgåvene saman, slik at det kjem klart fram kva elevane skal følgje med på. Det kan vere eit alternativ å dele klassen i par, eller fordele tema på elevane, om det blir for mykje å følgje med på på ein gong.

Deretter set ein på videoen i plenum. Videoen varar i 59 minutt og har ikkje engelsk tekst (sjå glossary bakerst det vedlagte oppgåvearket). Medan elevane ser videoen tek dei notatar ut frå oppgåvene.

Når videoen er ferdig, kan elevane t.d. sjå delar av videoen på PC'en sin, om det var noko dei missa. Det kan t.d. vere lekse å gjere ferdig oppgåva heime.

Til slutt diskuterer ein kva elevane fann ut i klassen, eller dei leverer inn oppgåvene som innlevering.

Elevane reflekterer over det dei har sett når dei jobbar med oppgåvene, og om dei kunne tenkt seg å vore ein kokk på tudor-tida. Om ein tek oppgåva som munnleg diskusjon kan læraren t.d. vurdere aktiviteten og refleksjonsnivået til elevane. Som skriftleg oppgåve kan ein vurdere refleksjon, kor detaljert elevane har svart på spørsmåla og ortografi og grammatikk.

Ein treng;

  • PC og projektor og skjerm i klasserommet
  • Kopiar av oppgåva (ev.digital versjon på læringsplattform)
  • Skrivesaker/PC og hovudtelefonar