Korleis rekruttere ungdom til arbeid i transportbransjen? Argumenterande tekst

Beskrivelse: 

Samarbeid mellom norskfaget og programfaget om å sjå på utfordringar innan rekruttering i transportbransjen. I norsk skal ein kunne argumentere skriftleg for sitt syn. Ein samtaler/diskuterer i full klasse, ser på ulike kjelder og vurderer desse. Sluttproduktet skal vere ein argumenterande tekst.

Oppgåve: Skriv ein tekst om vogntog på norske vegar, der du vinklar det inn mot rekruttering av norske sjåførar. Hent gjerne informasjon frå fleire kjelder, både skriftlige og munnlege. Du kan evt. snakke med ein person som jobbar med emnet eller av andre grunnar har mykje kunnskap om emnet (ein sjåfør?)

Du kan velje å løyse denne oppgåva på 3 forskjellige måtar:

1. Skriv ein argumenterande tekst der du tek tydeleg parti for ei sak som gjeld rekruttering (t.d. at det er for dyrt å utdanne norske sjåførar, at løna er for dårleg, at mange ikkje bryr seg om lover og reglar osb.)

2.Skriv ein drøftande tekst der du gjer greie for kva utfordringar ein har i høve til det å rekruttere ungdommar inn i bransjen.

3.Ein informativ tekst der du ser på korleis situasjonen er i dag.

Teksten din skal ha ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Innleiinga og avslutninga skal vere cirka like lange. Hovuddelen skal vere lengst.

Spørsmål til hjelp:

·Kor mange ungdommar får læreplass i bransjen?

·Har dei skjedd ei endring? Kvifor?

·Kva er eventuelle utfordringar ein møter?

·Kva er årsakene til at transportbyråa tilset færre ungdommar?

·Kan vi gjere noko? Korleis og kva?

Tips til oppbygging:

  • Innleiing der du fortel kva teksten skal handle om
  • Hovuddel der du utdjupar. Vidare vil hovuddelen variere ut frå kva oppgåve du har valt (argument, informasjon, intervju..)
  • Avslutning der du rundar av. Den argumenterande teksten kan rundast av på t. d desse måtane: Avslutninga kan henge saman med innleiinga, du kan avrunde innlegget med ein appell eller kanskje har du spart eit viktig argument til slutt. Den drøftande teksten bør kome med ein konklusjon som du har kome fram til i drøftinga, til dømes tips om korleis ein kan minske avfallsmengda. Ein informativ tekst oppsummerer, og kan t.d. svare på eit spørsmål som vart stilt i innleiinga.

Vurderingskriterium:

  • Formidle fagleg informasjon på ein enkel og tydeleg måte.
  • Ikkje direkte avskrift frå skriftlege kjelder.
  • Tydelig kjeldetilvising.
  • Logisk inndeling i avsnitt.
  • Klar oppbygging med innleiing, hovuddel og avslutning.
  • Saklig.
  • Korrekt språk og teiknsetjing.
  • God tekstbinding, altså god samanheng i teksten.