A Baker's Dozen

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med temaet baking. Elevane jobbar med tekstar, omgrep og vokabular knytt til temaet. Opplegget består av tre delar. Første del inneheld førebuande aktivitetar der elevane les forteljinga «A Baker’s Dozen» og finn ut om historia til baking/brød. I andre del jobbar elevane med vokabular for baking og bakevarer. I siste del jobbar elevane med oppgåver knytt til filmen «Wallace and Gromit: A Matter of Loaf and Death». Alle dei grunnleggande ferdigheitene blir dekt i større eller mindre grad. 

 

I dei førebuande aktivitetane les elevane forteljinga «A Baker’s Dozen». Dei jobbar med å finne ut kva uttrykket betyr. Det kan også vere nyttig å gå gjennom ord og uttrykk i teksten som elevane finn interessante, vanskelege eller ukjende, og lage ei gloseliste i fellesskap på tavla. Elevar og lærar samtalar om kva elevane har kome fram til og elles kva forteljinga handlar om (og ev. sjangertrekk).

I læringsaktivitetane jobbar elevane med vokabular knytt til kornsortar og bakevarer. Elevane nyttar ordbok til å slå opp ord dei er usikre på. Lærar er tilgjengeleg for rettleiing slik at elevane får på plass alle omgrepa. Når dette er gjort vel elevane ein av brødtypane i gloselista, og nyttar Internett og lærebøker til å finne ut korleis dette brødet blir laga. Dei tek notatar under arbeidet, og nyttar desse når dei sit i par eller gruppe på tre og forklarar korleis ein lagar dette brødet. Då får elevane munnleg øving i å forklare, nytte faguttrykk og støttevokabular.

Som avsluttande aktivitet ser klassen filmen «Wallace and Gromit: A Matter of Loaf and Death» på skjerm i klasserommet. Filmen varer om lag 30 minutt. I etterkant av å ha sett filmen jobbar elevane med oppgåvene knytt til den. Her er det mogeleg å diskutere filmen munnleg i klassen eller ha oppgåvene som ei innlevering. Til slutt er det med eit puslekryss som elevane kan jobbe med som repetisjon. 

Opplegget er i utgangspunktet tenkt som øving i grunnleggande ferdigheiter, vokabularøving og munnleg kommunikasjon utan formell vurdering. Ein kan t.d. nytte delar av oppgåvene som grunnlag for framføring eller innlevering, eller nytte temaet som del av ei prøve. Ein kan også nytte nokre av dei ulike delane i opplegget for seg, eller i samarbeid med programfaga som del av eit større tverrfagleg arbeid. 

Lærar:       

  • Kopiere opp oppgåvene og teksten «A Baker’s Dozen» eller gjere dei tilgjengeleg på læringsplattformen.
  • Klasserom med projektor og skjerm
  • Filmen «Wallace and Gromit: A Matter of Loaf and Death» (den er å få på DVD hos dei vanlegaste forhandlarane for film i butikk og på nett).

 

Elevar:

  • Skrivesaker
  • PC
  • Ordbok
  • (Lærebøker i programfaga)