Women in the Kitchen

Beskrivelse: 

I denne læringsaktiviteten jobbar elevane med ulike ting. Opplegget er i hovudsak ei lytteøving ved bruk av podcast, men tek opp aktuelle tema som likestilling og kjønnsfordelinga på professionelle kjøkken. I tillegg får elevane øva dialektforståing og ulike variasjonar av engelsk. Elevane jobbar med spørsmålsark medan dei lyttar til podcasten. Spørsmåla kan ein nytte til vidare diskusjon om likestilling og kjønnsfordeling, og t.d. samanlikne med Noreg. 

  1. Som ein førlyttingsaktivitet kan det vere nyttig å ha ein samtale om kva likestilling er og kva kjønnsfordeling dei har observert på kjøkkena dei har vore på (anten på bedriftsbesøk eller utplassering), kvifor det tradisjonelt har vore mannlege kokkar på professionelle kjøkken, og kvinner på private kjøkken osb.
  2. Gå gjennom spørsmåla på spørsmålsarket slik at alle elevane får med seg kva dei skal lytte etter, ev. dele klassen i grupper, der ulike gruppemedlem fokuserer på ulike spørsmål.
  3. Spel av podcasten "BBC Radio 4 Food Programme - Women in the Kitchen", høgt i klassen. Den varer om lag 24 minutt. Elevane noterer medan dei lyttar.
  4. Elevane får litt tid til å gå gjennom spørsmåla, og skrive seg ferdig. Ev. at gruppene får tid til å summe og snakke om kva dei har funne ut av og slik dele informasjon.  
  5. Ein går gjennom spørsmåla og diskuterer desse i klassen, ev. kvar gruppe legg fram sine svar. Ein diskuterer om det som har blitt diskutert i podcasten også er riktig i Noreg. 

Blir ein ikkje ferdig i timen, kan elevane få oppgåvene i lekse, og få mogelegheit til å lytte gjennom podcasten fleire gonger. 

Opplegget er i utgangspunktet tenkt som ein læringsaktivitet utan formell vurdering, men spørsmåla kan nyttast som innlevering for formell vurdering. Podcasten og oppgåvene kan inngå i eit tverrfagleg arbeid med samfunnsfag (kompetanseområda, individ, samfunn og kultur, og arbeidsliv). Samarbeid med programfaget Servering, Bransje og Miljø er også eit alternativ. Ein kan også nytte podcasten som kjelde til eit større skrivearbeid (artikkel) eller som til ei munnleg prøve. 

Lærar:

  • Laste ned podcast-episoden Women in the Kitchen frå 26. oktober 2014.
  • PC tilkopla høgtalarar.
  • Gjere oppgåvene tilgjengelege for elevane i papirform eller på læringsplattformen.
  • Ev. gjere podcasten tilgjengeleg for elevane på læringsplattformen.

Elevar: 

  • Ha med skrivesaker ev. PC.
  • Ev. ha med høyretelefonar.