Utdrag frå "Og så kan hunden komme" av Jon Fosse. Arbeid med innhald, form og formål i skjønnlitterære tekstar

Beskrivelse: 

Heftet "Treffsikker undervisning" er  gitt ut av Skrivesenteret. Det er laga i samarbeid mellom FYR-koordinatorane i norsk og nasjonal koordinator i faget.

Heftet gir eksempel på korleis norskundervisninga på yrkesfag kan gjerat treffsikker. Treffsikker undervisning er forankra i kompetansemåla og dei grunnleggjande ferdigheitene. Treffsikker undervisning betyr motivasjon, meining og mestring.

Heile heftet finn du hos Skrivesenteret:

http://www.skrivesenteret.no/uploads/files/Treffsikker_Undervisning.pdf 

 

 

Innhald, form og formål

I dette opplegget brukast utdrag frå "Og så kan hunden komme", av Jon Fosse, i arbeid med innhold, form og formål i skjønlitterære tekstar.

 

Førskriving

Del ut utdraget frå "Og så kan hunden komme" av Jon Fosse. (Lagt ved under "Ressurser" nedanfor.) Les utdraget høgt i klassa. Sjå på repetisjonane. Kor mange gonger er orda hunden og eg brukt?

 

Skriveoppgåve

Teksten er opninga på ei forteljing. Kva slags inntrykk får du av eg-personen og det forholdet han har til hunden sin i denne forteljinga? Kva for språklege verkemiddel bruker forfattaren for å skape dette inntrykket? Skriv om lag 250 ord.

eller

Kva kan ha hendt med hunden? Skriv vidare på forteljinga.