Typhoid Mary

Beskrivelse: 

Undervisningsopplegget handlar Typhoid Mary, smitte og hygiene. Opplegget er knytt til ein nyhendeartikkel om Typhoid Mary. Elevane jobbar med teksten og får slik øva leseferdigheitene. I arbeid med teksten og oppgåvene får elevane øva vokabular og leseforståing. I diskusjonar om teksten og tema den tek opp øver elevane munnleg kommunikasjon. Opplegget er meint som ein klasseromsaktivitet, og har ingen formell vurdering. Opplegget passar best for elevar med middels til god leseferdigheit og -forståing. 

Lisens : CC-by-2.0

Som ein førlesingsaktivitet snakkar elevar og lærar om kva som er god hygiene, kva konsekvensar smittespreiing kan ha og kva førebyggjande tiltak ein kan setje inn. Elevane les teksten ut frå valt lesestrategi, ev. kan ein kome fram til ein felles strategi i klassen. Vidare jobbar elevane med arbeidsarket (sjå vedlegg), som inneheld ei gloseliste (engelsk-nynorsk) for ein del av omgrepa i teksten. Arket inneheld også true/false oppgåver og spørsmål som elevane løyser etter å ha lese teksten. Som avslutning kan ein gå gjennom oppgåvene og diskutere det ein har lese om.

Opplegget er ein timeaktivitet som ikkje skal vurderast formelt. Ein kan sjølvsagt nytte dette opplegget som del av eit større opplegg, med formell vurdering (t.d. ein 5-avsnitts artikkel om smitte og hygiene, ein presentasjon e.l.).

Om ein nyttar lenkja Mary - Villain or Victim, kan ein knyte tema til samfunnsfag og medieframstilling av einskildpersonar, og ev. diskutere om Mary var skurk eller offer i saka, og ev. relatere det til den nylege Ebola-epidemien og diskusjonane denne brakte på bana. YouTube-videoen er ein rekonstruksjon om Typhoid Mary som kan nyttast saman med lenkja, eller som ein ressurs i seg sjølv. Etikk og ansvar som samfunnsborgar kan også vere eit diskusjonstema. 

Opplegget kan også nyttast i samband med teksten Typhoid Mary i Skills HO og RM.  

Lærar:

- Kopiere nyhendeartikkel i A3-format (ev. gjere tilgjengeleg på læringsplattform)

- Kopiere worksheet (ev. gjere tilgjengeleg på læringsplattform)

Elevar:

- Tenkje gjennom kva dei har lært om hygiene, smittespreiing og førebyggjande tiltak

- Skrivesaker

- Ordbok