Human anatomy

Beskrivelse: 

Opplegget er ei enkel vokabularøving innanfor anatomi. Elevane nyttar ei anatomidokke til å øve på kva ulike kroppsdelar og organ heiter på engelsk. Opplegget passar godt for elevar som har lærevanskar då dette er ei visuell og kinestetisk øving. 

Elevane jobbar med å øve vokabular for dei ulike delane på mennesket sin anatomy. Elevane nyttar lærebøker og ordbøker til å finne ut kva dei ulike kroppsdelane og organa heiter på engelsk. Desse skriv dei så på individuelle post-it lappar. På omgang eller i par festar dei desse lappane på dei ulike delane på anatomi-dokka eller Rescue Anne-dokka. Dette kan ein gjere fleire gongar, slik at elevane får øvd inn vokabularet. 

Vidare kan elevane lage ein life-size plakat som dei limer post-it-lappar på eller anna fargerikt papir med vokabularet på. Ein elev legg seg på eit langt stykke gråpapir, og medelevar teiknar omriss på papiret. Så festar dei engelske ord for dei ulike delane. Som ei utviding kan ein teikne dei indre organa, og namngje desse også. Plakaten heng ein opp i klasserommet. 

Opplegget er ikkje tenkt som formell vurderingssituasjon, men som ei vokabularøving. Som formell vurdering kan t.d. gloseprøve vere eit alternativ. 

Lærar:

- Ei anatomidokke (t.d. ei som syner organ eller Rescue Anne)

- Ei blokk post-it-lappar

- Tusjar

- (Gråpapir, farga ark)

Elevar:

- Ordbok

- Lærebøker