Extra! Extra! Read all about it!

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med kompetansemålet knytt til media, og sine respektive yrker (eller utdanningsprogram). I arbeidet øver elevane også digitale ferdigheiter, i leiting etter nyhende frå sitt fagområde. Dei øver skriving ved å skrive eit samandrag av nyhenda, og munnleg kommunikasjon ved å fortelje i klassen kva dei har funne ut. Opplegget er tenkt som ein klasseromsaktivitet utan formell vurdering.  

Som oppstart av økta, samtaler lærar og elevar om kjeldekritikk og media si rolle i samfunnet. Elevane nyttar engelskspråklege nettaviser eller nyhendesider til å søkje etter nyhende frå sitt fagområde, yrke eller utdanningsprogram. Som kjeldekritikk vurderer elevane relevans i forhold til yrket sitt (om det ikkje er konkrete nyhende om deira yrke, kan det vere andre faktorar som påverkar yrket, t.d. arbeidsforhold, råvaretilgang, teknologisk utvikling, nye EU reglar). 

Når elevane har funne ei nyhendesak dei finn interessant, les dei denne (eller nyttar opplesingsapplikasjon eller ser videoklipp) og skriv eit kort samandrag av saka. Kriterium elevane følgjer er: 

  • Kva handlar saka om?
  • Kva gjer den interessant?
  • Kva informasjon var overraskande/ny/oppsiktsvekkande?
  • Kor truverdig er kjelda?

Til slutt i økta, fortel kvar elev om saka dei har jobba med, anten i klassen eller i gruppe. 

Opplegget er tenkt som ein klasseromsaktivitet utan formell vurdering. Elevane øver ulike ferdigheiter som kan nyttast i andre samanhengar i faga. 

Lærar:

  • Eit utval engelskspråklege nettaviser og nyhendesider (t.d. BBC, CNN, USA Today, The Times, Sydney Morning Herald, The New Zealand Herald, African Herald Post, The Globe and Mail) - tilgjengeleg på læringsplattformen.

Elevar:

  • PC
  • Hovudtelefonar