Describe the Picture

Beskrivelse: 

Undervisningsopplegget er ei øving i å beskrive det dei ser på eit bilete. Elevane sit saman i par eller i små grupper og beskriv det dei ser på bilete. Dei andre prøvar å teikne det som blir fortalt. Elevane nyttar støttevokabular som preposisjonar, adjektiv osb. i tillegg til yrkesfagleg vokabular i beskrivingane. Opplegget dekkjer den grunnleggjande ferdigheiten innanfor munnleg kommunikasjon.

 

I forkant av øvinga kan det vere lurt å repetere støttevokabular som preposisjonar, adjektiv og anna beskrivande vokabular og frasar. Når elevane set seg i par/grupper, får kvar elev utdelt kvar sitt bilete (fleire grupper kan få same bilete, slik at ein slepp å ha 10-15 ulike). Elev 1 byrjar å beskrive det han/ho ser på biletet, medan elev 2 (og elev 3) teiknar ut frå forklaringane til elev 1. Når elev 1 er ferdig å beskrive, bytar ein tur slik at elev 2 beskriv sitt bilete og elev 1 (og elev 3) teiknar osb. 

Vedlagt ligg eit dokument med lenkjer til ulike bilete som er knytt til yrker innanfor hovudprogramområda. Her kan ein tilpasse ut frå yrka ein har på sin skule. 

Opplegget er tenkt som ein timeaktivitet som øver munnlege ferdigheiter og kommunikasjon. Det er ikkje tenkt noko formell vurdering. 

Idéen til opplegget er henta frå: "ESL Classroom Activities for Teens & Adults" av Shelley Ann Vernon.

Lærar:

  • Kopi av ulike bileter
  • Blanke A4 ark og ev. blyantar

Elevar:

  • Skrivesaker