Kings of Pastry

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med oppgåver knytt til dokumentaren "The Kings of Pastry" som omhandlar konditor- og sukkerarbeid. Vi følgjer Jaccquy som førebur seg til ein viktig fransk fagkonkurranse. Elevane ser filmen, observerar prosessane, teknikkane og vokabularet brukt i førebuinga til konkurransen, og på konkurransedagane. Elevane øver grunnleggjande ferdigheiter i kommunikasjon. Filmen passar nok best for middels til sterke elevar, då store delar av dialogen foregår på fransk og er teksta på engelsk. 

Før ein ser filmen repeterer lærar og elevar konditorvokabular. Ev. kan læraren på førehand sjå gjennom filmen og lage ei gloseliste (kort gloseliste i oppgåvearket). Ein går gjennom spørsmåla før ein ser filmen, slik at ein sikrar at alle har skjønt kva dei handlar om. Klassen ser filmen som varer om lag 1 time og 27 minutt. Elevane fyller ut spørsmålsarket medan dei ser filmen. Til slutt går gjennom oppgåvene munnleg og oppsummerer ein det ein har sett. 

Opplegget er ikkje tenkt som ein formell vurderingssituasjon. Filmen og oppgåvene kan nyttast som grunnlag for ei munnleg prøve med formell vurdering. 

Lærar:

  • Kopiere opp oppgåveark, ev. gjere det tilgjengeleg på læringsplattformen.
  • Ha tilgjengeleg PC knytt til projektor og lydanlegg.
  • Netflix-konto (filmen ligg tilgjengeleg her).

Elevar:

  • Skrivesaker.