The Ultimate Food Truck

Beskrivelse: 

Opplegget er eit gruppearbeid (pararbeid) om fenomenet food truck som stadig blir meir og meir populært og anerkjent, også i Noreg. Elevane jobbar med å utvikle kvart sitt food truck konsept som dei så legg fram munnleg for klassen. Opplegget øvar både digitale og munnlege og skriftlege grunnleggjande ferdigheiter. Som inspirasjon og førebuing til gruppearbeidet kan klassen sjå filmen "Chef" som handlar om ein kokk som startar med food truck.

Bilde: http://amis30porboston.blogspot.no/2013/05/mayfair.html 

Lisens: CC BY-NC-ND 3.0

Før ein byrjar gruppearbeidet går lærar og elevar gjennom kva ein food truck er (t.d. gjennom idémyldring), og kva oppgåva går ut på. I oppgåvearket vedlagt ligg eksempel på kva presentasjonen skal innehalde (t.d. tekstmengde versus bilete, lengde på presentasjon etc.) og vurderingskriterium, men her kan klassen og læraren saman bli einige om innhaldet og vurderinga. Har ein god tid kan ein t.d. sjå filmen "Chef" som inspirasjon og førebuing gruppearbeidet. Filmen varer om lag 1 time og 50 minutt. 

Elevane arbeider i grupper (eller par) med å kome fram til eit food truck konsept og kva mat dei ønskjer å servere frå food trucken sin. I arbeidet nyttar dei digitale hjelpemiddel. Som kreativ øving lagar elevane forslag til food truck design (t.d. ved å nytte ein food truck mal eller ved å teikne ein mal sjølv) og ei brosjyre/folder med meny som dei kan dele ut. 

Kvar gruppe skal pitche sitt food truck konsept til potensielle investorar/kundar (altså resten av klassen og læraren). Dette gjer dei ved å ha ei munnleg framføring samt dele ut brosjyre/folder. Medelevane skal evaluere kvarandre, og kome med tilbakemelding på kva som var bra og kva som kunne vore betre.

Læraren gir elevane formell vurdering på gruppearbeidet (om ein gir både individuell og gruppekarakter kan t.d. lærar og elevar kome fram til i fellesskap). Elevane gir tilbakemelding til dei ulike gruppene ut frå gitte kriterium. Ein kan også leggje til ei eigenevaluering der kvar elev evaluerer sitt eige bidrag (t.d. gjennom refleksjonsnotat, blogg o.l.) 

Lærar:

  • Kopiere oppgåvearket (ev. gjere det tilgjengeleg på læringsplattform)
  • Ha ein food truck mal tilgjengeleg som elevane kan nytte i designen
  • Dele inn i grupper 
  • Om ein vel å sjå "Chef" først, ha pc knytt opp til videoanlegg tilgjengeleg.

Elevar:

  • PC
  • Dataprogram for framføring (t.d. PowerPoint eller Prezi) og brosjyre/folder
  • Retteprogram/ordbok