The Time Traveller

Beskrivelse: 

Opplegget er eit rollespel, der elevane jobbar fram dialog og spelar ut det dei har laga. Rollespelet går ut på at elevane får besøk av ein person som har teke ei tidsreise frå 1805, og som er svært forundra og nysgjerrig på alle dei tenkologiske duppe-dittane vi har i 2015. I rollespelet skal ein slik moderne duppe-ditt forklarast for den tidsreisande. Elevane øver munnleg språk og det å forklare teknologi til ein lekmann. Elevane øver også historie, då dei i førebuingane må setje seg inn i teknologi som fanst/ikkje fanst på tidleg 1800-tal. 

 

 

Bilde: http://hrminion.com/2011/05/hrevolution-3-i-need-a-tardis/ 
Lisens: CC-by-3.0

Ressurser

Før elevane byrjar å lage rollespelet, går lærar og elevar gjennom oppgåva. Det kan også vere lurt å gå gjennom kva som bør vere med i ein instruksjon (Skills-læreverket har nokre sider om instruksjon). 

Elevane jobbar i par eller gruppe på tre med å utarbeide eit rollespel som forklarar ein moderne duppe-ditt til ein tidsreisande person (t.d. nettbrett, elektrisk lys, PC, radio, TV, bustadalarm, varmepumpe...)

Læraren er tilgjengeleg for rettleiing, t.d. for å sjå til at elevane har med alle punkta (som at alle har dialog, og ingen blir passiv i rollespelet).

Lærar kan avgjere om rollespelet skal vere ein uformell vurderingssituasjon (godkjent/ikkje godkjent) eller ein formell vurderingssituasjon med karakter. Har ein ikkje hatt rollespel i klassen før, kan det vere lurt å gjere det til ein uformell vurderingssituasjon, då elevar gjerne blir mindre fri om det er formelt.

Lærar:

  • Kopi av oppgåveark (eller gjere det tilgjengeleg på læringsplattformen)
  • Grupperom (om elevane vil øve)
  • Ev. ha rekvesittar/modellar tilgjengeleg

Elevar:

  • Leite fram og repetere (teknisk) vokabular relevant for oppgåveløysinga
  • Skrivesaker
  • Rekvesittar/modellar