Samansett tekst - opplegg for minoritetsspråklege

Beskrivelse: 

Arbeid med reklame og verkemiddel i reklamefilmar. Etos, logos og patos er også omgrep ein skal innom. Gjennom arbeidet kjem ein innom dei norske folkeeventyra og også "det norske" slik det er representert i dag, med vekt på reality-tv. Til slutt skal ein kunne bruke kunnskap om kultur til å lage sin eigen reklame,

Førlesing:

-  Kjenne til omgrep frå reklamen

  • Etos, patos, logos
    • Repetere og vise konkrete døme
  • Målgruppe
    • Få elevane til å kome med døme på reklamer, og snakk om kven som er målgruppe for desse reklamene og kvifor. Diskuter med sidemann, to minutt, felles etterpå.
  • Filmatiske verkemiddel
    • Kva filmatiske verkemiddel kjenner elevane? Skriv opp på tavla. (fargar, kamera, synsvinkel, musikk, språkbruk…)
  • Norske folkeventyr
    • To og to diskuterer kva som kjenneteiknar norske eventyr. Felles etterpå. Ta sentrale kjenneteikn på tavla

Tenkjeskriv i fem minutt: Kva vil du seie kjenneteiknar norske kvinner?

Sjå reklamefilm for Norvegia: Først – veit elevane kva Norvegia er?

 

Sjå heile reklamen i full klasse, seinare jobbar elevane saman i par og kan då stoppe filmen der det trengs. Her får elevane konkrete spørsmål dei skal svare på.

  1. Kva produkt vert det reklamert for her?
  2. Kor mange «prinsesser» er med i filmen og kva kjenneteiknar dei forskjellige? Tips: sjå på utsjånad, kle og språkbruk
  3. Kva vil du seie er slagordet i reklamen? Korleis høver bodskapen i slagordet til det reklamen vil formidle?
  4. Kva rolle har trollet i denne reklamen? Stemmer denne rolla overeins med det du har høyrt om troll frå før? Kvifor/kvifor ikkje?
  5. Filmatiske verkemiddel. Sei noko om:
    1. Rommet, scenografi, kva miljø er dette?
    2. Synsvinkel. Gjennom kven er det vi får fortalt historia? Kommenter situasjonen. Korleis går trollet fram for å finne seg ei prinsesse?
    3. Musikk. Kva assosiasjonar får du av den?
    4. Kva argument finn du i reklamen for å kjøpe dette produktet? Grunngjev svaret ditt.
    5. Er reklamen truverdig? Kva kjensler spelar den på og korleis?
    6. Seier reklamen noko om nordmenn? Korleis og kvifor?

 

Etterarbeid:

Lag eit utkast til ein reklame der du brukar nasjonale særtrekk som utgangspunkt for idèen din.  Det vil seie at du skal finne eit produkt du skal finne eit produkt du skal reklamere for og setje produktet inn i ein nasjonal samanheng (Døme: Nokiatelefion frå Finland, IKEA frå Sverige, tepper frå Tyrkia, Taco frå Mexico, banan frå Costa Rica)

Teksten skal vere på minst 300 ord og du skal grunngjeve vala dine. Ha gjerne med eit bilete av produktet.

Ein kan velje om ein vil vurdere teksten elevane skal skrive. Ei anna moglegheit er at elevane viser reklamen dei har laga for klassen, og grunngjev vala sine i ein presentasjon.