Lifestyle diseases

Beskrivelse: 

Arbeidsoppgåve om livsstilsjukdommar, der elevane skal fortelje om ein livsstilsjukdom til pasient/brukar og pårørande. Presentasjonen elevane førebur er ein teoretisk del der dei presenterer sjukdommen, og informerer om den (sjå vedlegg), og ein praktisk del der dei viser ei arbeidsoppgåve ein helsefagarbeider vil utføre med pasient/brukar knytt til sjukdommen. Oppgåva er ei øving i å kunne presenterer medisinsk informasjon på ein måte som lekpersonar kan forstå, samt syne ei helsefagleg arbeidsoppgåve og forklare denne. Det er øving i munnleg kommunikasjon. Elevane vil i yrket sitt møte personar som ikkje har norsk som morsmål, der ein nyttar engelsk som lingua franca. 

  • Før elevane byrjar med oppgåva, repeterer ein kva livsstilsjukdommar er, kva desse heiter på engelsk og anna informasjon som elevane har frå programfaga. Diskutere livsstilsjukdommar og samfunnsforhold i engelskspråklege land, samanlikne Noreg, Storbritannia og USA. Målet er at elevane skal ha referanserammer og kontekst når dei byrjar å løyse oppgåva.
  • Elevane jobbar i par og førebur ei framføring og demonstrasjon. Her kan lærar t.d. styre kva livsstilsjukdommar elevane jobbar med, for å unngå at mange par vel same sjukdom. 
  • Gjennomgang av oppgåveteksten. 

Oppgåva er tenkt som formell munnleg vurderingssituasjon, der elevane blir vurdert individuelt (sjå vedlagt oppgåvetekst). I etterkant kan elevane jobbe med eigenvurdering og ev. skrive eit refleksjonsnotat. Oppgåva kan også nyttast som ei trening til munnleg eksamen. 

  • Tilgang til faglitteratur og fagressursar.
  • Presentasjonsverktøy (pc, projektor etc.)
  • Modellar, utstyr og anna som elevane treng for å gjennomføre demonstrasjon av helsefagarbeidar-arbeidsoppgåve.