Dos and don'ts in the workshop

Beskrivelse: 

Todelt oppgåve i HMT for elevar på VG1 TIP.  I del 1 tek elevane utgangspunkt i eit bilete frå ein verkstad, der arbeidarane gjer "alt" feil. Elevane skriv ein tekst der dei beskriv kva som vert gjort feil, kvifor det er feil og kva konsekvensar det kan få for arbeidaren. Del 2 er instruksjon/rollespel rundt ein av situasjonane beskrive i biletet. Elevane får øving i både skriftleg og munnleg kommunikasjon, samt øving i samtale og instruksjon. Oppgåva er også praktisk, slik at teorisvake elevar kan bidra på likefot med teoristerke elevar. 

Opphavsperson: William M. Plate Jr. /US Air Force. Lisens: Public Domain Dedication. Kilde: Wikimedia Commons

Før elevane byrjar på skriveoppgåva, brainstormar på tavla i fellesskap om HMT og farlege situasjonar som kan oppstå på ein verkstad, og konsekvensar desse kan få. I del 1 av oppgåva får elevane delt ut bilete av farlege situasjonar (sjå døme i Utstyr/Rammer).Elevane skriv ein kort tekst der dei beskriv kva som vert gjort feil, kvifor det er feil og kva konsekvensar det kan få for arbeidaren. Vidare går dei saman i par, og arbeidar fram ein instruksjon eller eit rollespel der den eine eleven er arbeidaren som gjer ting feil, og den andre eleven er kollega og instruerer i korleis gjere arbeidet riktig. Elevane kan bruke teksten dei har skrive som utgangspunkt for instruksjonen/rollespelet. Elevane gjennomfører ein kort instruksjon eller rollespel anten i klasserommet med rekvisittar eller på verkstaden. 

Elevane koplar seg på og reflekterer rundt HMT i brainstormingsaktiviteten. Ein kan nytte skriveøvinga kun som det, eller som eit arbeid med formell vurdering. Instruksjonen/rollespelet kan også nyttast som øvingsaktivitet, eller som formell vurderingssituasjon, men då treng elevane kanskje meir tid til å øve og førebu seg. Som eigenvurdering kan elevane fortelje om to ting dei lærte som var nytt/interessant/overraskande, ein ting dei visste frå før og ein ting dei vil lære meir om. 

Bilete av farlege situasjonar på ein verkstad, t.d. frå Tracks vg1 TIP 2006 1. utgåve, 6. opplag, side 227. Tilgang til verkstad for gjennomføring av instruksjon/rollespel, ev. rekvisittar til bruk i klasserommet.