Jamie's Dream School: Jamie vs. Nuggets

Jamie's Dream School: Jamie vs. Nuggets er ein 17 minutt lang video der Jamie Oliver lagar chicken nuggets saman med ein klasse 16-åringar. Dei diskuterer kvifor elevane likar nuggets, kva frosne, prefabrikerte chicken nuggets eigentleg består av, og kvifor ein bør lage chicken nuggets sjølv. Jamie underviser også elevane i hygiene og korleis ein skal arbeide med råvara kylling. Dei lagar til både dei frosne nuggetsane og dei heimelaga nuggetsane, og samanliknar desse.